Operapub - Ål by night!
Billettar
Om arrangementet
Operapub i låven er ei salig blanding av avslappa bygdefest og fine musikalske augneblink. Medan landskapet ligg mørkt og stille, sit me inne i det varme fjøset og let uss underhalde av dei beste nummera frå opera og operette. Songarane syng 3 sett i løpet av kvelden, og når dei ikkje syng er det tid for skravling og noko godt i glaset. Bartender Espen opnar dørene kl 19, og songarane kjem på scena etter kvart. Velkomen til ein kveld i hyggeleg lag med vener, sambygdingar og gode songarar.
Medverkande - "Store stemmer":
Hanne K. Askeland, sopran
Dagfinn Andersen, baryton
Ole Haagenrud, piano
