OTIUM strykekvartett

Om arrangementet

Kvartetten OTIUM vaks fram våren 2024. Dei fire medlemmane har lang fartstid som solistar og kammermusikarar i inn- og utland, og frå leiande stillingar i ei rekke ulike orkester. Musikarane ynskjer å spreie gleda med strykekvartett til både ferske og erfarne publikummarar.
Navnet OTIUM syner til ein fristad der ensemblet vel musikk etter eiga lyst og lidenskap.

Samklangen og spennet som to fiolinar, bratsj og cello byr på, gjer strykekvartetten til sjølve juvélen i kammermusikkens! Joseph Haydn - Mozart sitt førebilete - oppfann kvartettformen allereie på 1780-talet. Sidan har dei fremste komponistane i verda i tur og (u)orden utvida repertoaret. Musikarane føretrekkjer å opptre tett innpå publikum, i små salar, slik det var meint då musikken vart skriven.

Katrine Buvarp, fiolin
Milka Dowlasz, fiolin
Nora Taksdal, bratsj
Katharina Hager-Saltnes, cello

Her møtest musikk frå ulike tider, stader og uttrykk i eit program som spenner frå operakomponisten Puccini sin vakre Crisantemi og Beethoven sin energiske op18 til nyare klangverder hjå Sally Beamish og Thomas Adès. Schubert sin dramatiske Erlkönig og Berio sine leikne duettar er, så ulike som dei er, begge verk som målar opp bilete og personlegdomar gjennom musikken, medan Mendelssohn sin Capriccio tilfører eleganse og virtuositet. Programmet blir avslutta med nordisk folkemusikk i Den Danske Strykekvartett sine fengande arrangement.

Program
G. Puccini: Crisantemi
L.v. Beethoven: Strykekvartett op 18 nr 4, 1.sats
S. Beamish: Strykekvartett nr 2, «Opus California», 3.sats «Dreams before Lullabies»
T. Adès: Strykekvartett op 12, «Arcadiana», 6.sats «O Albion»
F. Schubert: Erlkönig (arr. J.Encke)
L. Berio: 5 duettar frå 32 duetter for to fiolinar
F. Mendelssohn: Capriccio, op 81
Trad. Sekstur frå Vendsyssel & Reinlender frå Sønndala (arr. Den Danske Strykekvartett)

 

NB! Konserten er kl. 1600 (ikkje kl. 1800 som det står i kulturhusprogrammet).