Pang! (Riksteatret)

Om arrangementet

Velkomen til ein morosam kveld med Riksteatret!

Si god dag til Rolf Pang, ein manipulerande mann som har eitt mål – å få kloden til å dreie rundt han.

Forfattaren av Pang! seier at han skreiv komedien som ein allergisk reaksjon då Donald Trump vart president. Ein allergisk reaksjon mange nok har kjent, og som berre har vorte sterkare og sterkare i takt med at Trump sine løgner har vorte fleire og fleire og grovare og grovare.

- «Pang!» er ein skarp satire over vår eiga samtid. Ein ellevill komedie som plukkar opp samfunnsaktuelle fenomen. Den er sett saman av mange element, nesten som ein kabaret krydra med attkjennelege situasjonar. Eg trur alle kjem til å like nokre bitar i denne Twist-posen, seier regissør Peer Perez Øian.

Som i alle gode satirer blir det sparka i alle retningar. 
Rolf Pang er så sjølvsentrert at han tek livet av si eiga syster i mors liv. Det er ikkje plass til andre enn han. Han er det ultimate monster, men foreldra meiner at sonen ikkje kan gjere noko gale – same kor valdeleg han oppfører seg. Dette får fatale følgjer.

- Foreldra feigar ut, tek ikkje ansvar. Dei vel å oversjå dei mindre sympatiske trekka ved sonen og plasserer skulda andre stader. Andre som prøver å setje grenser eller utfordre egoet hans, møter Pang med verbale eller fysiske motangrep. Han er skamlaus, narsissistisk, har ingen grenser, seier Øian.

Sjølv har forfattaren sagt at han mellom anna vil setje søkjelys på det han kallar «eit underleg fenomen» - foreldre som blir så blinde for eigne barns feil, at det heile utviklar seg til ein konkurranse i å framstille eigne barn som spesielle eller begava. At ein gut kan gå når han er ti månader gamal, betyr ikkje at han kjem til å bli ein Mozart, påpeikar dramatikaren.

Pang! har vorte spelt på scener over heile Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarrosa teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscener over heile landet. 
Håpar me sjåast!

På scena
Espen Alknes, Peiman Azizpour, Bartek Kaminski , Ida Klem, Rebekka Nystabakk og Olav Waastad

Team
Regissør: Peer Perez Øian
Scenograf: Olav Myrtvedt
Kostymedesignar: Christina Lovery
Lysdesignar: Kai Roger Havn
Komponist, Lyddesignar: Gaute Tønder
Videodesignar: Eilif Fjeld Teisbo
Koreografisk assistanse: Stian Vikjord Danielsen
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg
Produsent: Rebecca Mathisen

Av Marius von Mayenburg. Omsett av Øyvind Berg.
Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng.

Forestillingslengde: 1 time og 45 minutt (ingen pause).
Produsert av Riksteatret i eit samarbeid med Nationaltheatret.

--

Les meir her: www.riksteatret.no/pang