Panikk i kulissene, Teater Manu

Om arrangementet

I 2021 fyller Teater Manu 20 år, og det blir feira med Panikk i Kulissene, eit stykke som utforskar alle moglege utfordringar ein finn bak teppet – drama, konfliktar, rekvisittar på avvegar, og replikkar som går i gløymeboka. Regissør Mira Zuckermann skal med det entusiastiske ensemblet sitt gå laus på eit av dei ypparste og mest spelte stykka innan teaterkomedien, skrive av den britiske dramatikaren Michael Frayn. 

Her møter me klassiske komediekarakterar: ein nevrotisk og intellektuell regissør, ein alkoholisert skodespelar, ein superoptimist, ein som gløymer replikkane, ein evig kverulant, ein overarbeidd inspisient, samt dei som er så vakre at dei har lite anna å spele på. I arbeidet med å setje opp eit teaterstykke går det meste gale og intrigane mellom dei stereotypiske karakterane blir stadig villare. Publikum blir tatt med på den skandaløse generalprøva der det blir snubla i rekvisittar og bomma på dører, samt dei påfølgjande turbulente forviklingane bak scena der
misforståingane byggjer seg opp. Stykket er ein salig teaterleik der alle strevar med dei små tinga i livet og endar opp som ein parodi på seg sjølve. 

Å få integrert teiknspråket på ein god måte i virvaret av handlingar som skjer på scena er eit banebrytande arbeid som stiller store krav til regi-teamet. Dette er eit teaterstykke som er blott til lyst, og det er ei glede å endeleg få presentere denne klassikaren på teiknspråk.

Med: Ipek D. Mehlum, Ronny Patrick Jacobsen, Kevin Eide Edvardsen, Casper Lund,
Carola Insolera, Mette Marqvardsen, Marita S. Barber, Alexei Svetlov, Anne-Line L. Kirste
Stemmeskodespelar: Kjersti Fjeldstad, Marit Synnøve Berg
Regi: Mira Zuckermann
Språkkonsulent: Sølvi Zuckermann
Dramaturg: Tine Thomassen
Scenograf: Gjermund Andresen
Kostymedesign: Anette Werenskiold
Parykk & Maskedesign: Helena Andersson
Lysdesign: Martin Myrvold
Lyddesign: Erik Hedin
Manus: Michael Frayn

Denne produksjonen er eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Manu, Riksteatern Crea, Teatteri Totti, og Det Norske Teatret.
Ein turné er planlagt for Noreg, Sverige, og Finland, med besøk til Clin d’Oeil festivalen i Reims.

Forestillinga varar i 2 timar og 30 minutt inkl. pause.