Parasitt

Om filmen

Originaltittel: Gisaengchung

Premiere: 2020-01-31

Varighet: 2t 12min

Sjanger: Drama, Thriller

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Koreansk

Regissør: Bong Joon-ho

Som fyrste koreanar nokon gong har Bong Joon-ho fått med seg den gjeve Gullpalmen heim frå Cannes. Filmen vann Golden Globe for beste internasjonale film, og er nominert til heile 6 Oscars! I PARASITT møter me ein familie på fire som bur i ei nedsliten kjellarleilegheit i byen. Utsikta er ei glipe på gateplan mot eit smug der fulle karar har for vane å late vatnet. Med varierande hell tjuvlåner dei internett frå etasjen over, og for å få mat på bordet pakkar dei pizzaeskar for ei restaurantkjede i nærleiken. På tross av samhaldet og kjærleiken til kvarandre, er det ikkje stort til liv. Etter eit besøk frå ein venn av sonen i familien, får dei med eitt ein gyllen sjanse, ein veg ut av elendet. Familien grip sjansen med begge hender. Etter regissøren sitt eige ynskje, skal ikkje meir av handlinga bli røpa her. Dette er ei oppleving som ein best nyter utan å vite for mykje på førehand. PARASITT er ein sjangerleik av dei sjeldne. Saumlaust blir ein slynga mellom varm humor, iskald thrillar, familiedrama og samfunnssatire. Samtidig styrer filmen unna alle konvensjonar og klisjear, slik at filmen umogleg kan bli sett i bås. Gjer deg klar til ei filmoppleving utan sidestykke! Regissør Bong Joon-ho har blant anna laga monsterfilmen THE HOST, sci-fi-thrillaren SNOWPIERCER og Netflixfilmen OKJA. Terningkast 6: «Et mesterverk – genial og uimotståelig» Aftenposten «I en klasse for seg!» VG «Det mest originale du kan se på kino om dagen!» TV2 «Fulltreffer fra Sør-Korea. Hvilken opplevelse!» Dagbladet «Sylskarpt skrevet, ufattelig kul og tilstrekkelig ekkel – alt du trenger, og mere til» FilmMagasinet «Mesterlig og konstant uforutsigbar» Dagsavisen «Leken, storslått og stram» Bergens tidende «Strålende» Adresseavisen «En av årets desidert beste filmopplevelser» Subjekt «Fenomenal og full av overraskelser – fortjener å vinne Oscar» 730.no «En helt unik opplevelse» Nordlys «En filmopplevelse av de sjeldne!» FVN «Lett å forstå hvordan denne filmen har tatt verden med storm!» Kinomagasinet «En godtepose av en film!» Filmfront Terningkast 5: «En fryd å være med på» NRK Filmpolitiet «Svært fengende og underholdende» Cinema «Skarp og sjeldent oppfinnsom Gullpalme-vinner» Klassekampen «Komisk og tragisk, morosam og brutal, og tek vendingar du ikkje såg koma» Stavanger Aftenblad «En nytelse!» Gaffa