Paris i mitt hjerte
Om filmen
Originaltittel: Une belle course
Premiere: 2023-09-01
Varighet: 1t 30min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: (9 år) Ungd/Vaksne
Regissør: Christian Carion
Bli med på ei hjartevarm og kjensleladd reise om utfordringane i livet og korleis me kan finne håp og glede i dei mest uventa situasjonar.
Charles er ein desillusjonert taxisjåfør i Paris som jobbar lange dagar og prøver å få endane til å møtast. Han har aldri reist utanfor Frankrike og føler at jobben har vorte eit fengsel. Ein dag får han eit oppdrag om å køyre den eldre kvinna Madeleine Keller frå huset hennar til ei adresse på andre sida av Paris. Charles tek motvillig på seg oppgåva, og medan drosja rullar gjennom gatene i Paris, blir sløret sakte lyfta over Madeleine sitt svært uvanlege liv, i det ho mimrar over stadane dei passerer. Begge er uvitande om at dei under køyreturen vil starte eit eineståande og unikt venskap som vil endre liva deira for alltid.