Påskeklang i Operalåven
Billettar
Om arrangementet
Håvard Svendsrud er ein magikar på trekkspel.
Han spelar både gammaldans, folkemusikk, Bach og Grieg like lett og elegant. Publikum blir dregne med inn i ei eiga verd av rytmar og tonar uansett kva han tryller fram med trekkspelet. På Operalåven sin Påskeklang blir det samspel med songar Marit Sehl, og berre fantasien set grenser for kva ein trekkspelar og ein vokalist kan finne på saman. Ingen sjanger kan kjenne seg trygg!
Ta eit avbrekk frå peiskosen og legg turen til Votndalen langfredag. Appelsin, kvikklunsj og varme klede er tilrådd!
Håvard Svendsrud, trekkspel
Marit Sehl, sang