Påskeklang: Utbrent av den hellige ånd
Billettar
Om arrangementet
Korleis er det å vekse opp med ei forkynning som formar alt du ser rundt deg? Som prøver å definere "rett" og "gale" i alt du kjenner og tenkjer?
I monologforestillinga Utbrent av den hellige ånd tek Karin Kilden eit modig, djupt personleg og samstundes humoristisk oppgjer med oppveksten i Brunstad Christian Church – betre kjend som Smiths venner.
Framsyninga hadde prøvevisning til full sal og ståande applaus på Hamar Teater sin monologfestival Monofon i januar 2025, og vart spelt hausten 2025 i Oslo og Asker. Med seg på scena har Kilden pianist Trond Lindheim, og framsyninga inneheld nyskrivne sangar av Hanne T. Asheim.
Regien er ved Karina Aase.
– Dette er en forestilling jeg har båret på i 30 år, sier Kilden. – Det er ikke først og fremst en anklage mot «dem», men et behov for å gi stemme til det barnet jeg en gang var – og kanskje til noen andre som har kjent seg like alene og fortvilet. Det kan være brutalt når du må forlate det som er ditt hjem, din identitet og alt du er glad i - for å ta vare på deg selv.
Framsyninga kan seiast å vere ein sprudlande coctail av TED-talk, revy og sjølvhjelp – med både humor og djupt alvor. Publikum får oppleve både hjarteskjærande og lattervekkjande augeblink: Åtteåringen med tvangstankar, tenåringen med truskrise, opposisjon mot strukturen på ei psykiatrisk avdeling, og den absurde revyvisa "BCC, serru, serru".
Karin Kilden - song og forteljing
Trond Lindheim - piano