Riksteatret: Peer Gynt

Om arrangementet

Opplev Anders Baasmo som Peer Gynt i Ibsen sitt meisterverk!

Riksteatret samlar nokre av landets beste skodespelarar i ein heilt ny versjon av Peer Gynt.
Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsen sitt meisterverk. Kva skjer med oppfatninga vår av Peer Gynt når me kjem tett på, heime i kjøkkenet hjå Peer? Kven var han eigentleg, og kvifor flykta han alltid frå seg sjølv?

– Eg har alltid hatt lyst til å spele Peer Gynt, seier skodespelar Anders Baasmo. – Viss me gjer det på den rette måten, trur eg at me kan kome nærare kjernen, nærare det stykket eigentleg handlar om. Eg håpar me kan lage ei forestilling som gjer at folk kan kjenne att meir av seg sjølve i Peer.

Anders Baasmo set seg i turnébussen saman med Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen.

Riksteatret si forestilling er eit spennande møte med Ibsen sin klassikar - ei forestilling for alle, enten du er Ibsen-kjennar eller møter Peer for fyrste gong. 

På scena
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen


Team

Regissør: Ole Anders Tandberg
Scenograf: Erlend Birkeland
Kostymedesignar: Maria Geber
Lysdesignar: Elisabeth Kjeldahl Nilsson
Komponist: Joel Sahlin
Dramaturg: Øyvind Berg
Produsent: Emnet Kebreab

Av Henrik Ibsen
Bearbeidd av Ole Anders Tandberg
Omsett av Øyvind Berg

Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret