Pest, kolera og korona

Om arrangementet

Ål bibliotek inviterer:

2020 vil bli ståande i minnet som året der verda vart råka av koronaen, som Språkrådet også kåra til årets nyord. 2021 blir forhåpentleg året der sjukdomen vert slått ned ved hjelp av massiv vaksinering.

Øystein Lappegard, tidlegare kommuneoverlege i Ål, fortel om historiske pandemiar som har råka verda, og som også kom til Hallingdal. Korleis arta dei seg, kva for botemiddel hadde ein og kva tyding fekk sjukdomane for folk og lokalsamfunn?

Historiske og fiktive epidemiar har også fått sin rettmessige plass i litteraturen. Eva Almhjell presenterer romanar av Sigrid Undset, Albert Camus og Mette Newth og tek opp tema kring sjukdom, skam og verdigheit.

Saman gjev dei oss eit interessant historisk og litterært blikk på epidemiar i fjern og nær fortid.

 

NB! Påmelding til: biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20