Plateslepp - Erlend Apneseth

Om arrangementet

FRAGMENTARIUM Bestillingsverket «Fragmentarium» vart urframført på Konsgsbergjazz i 2019, og plata er spelt inn på Ål kulturhus. Bandleiaren, Erlend Apneseth, er ein av landets fremste unge felespelarar, og har etter kvart mottatt nok prisar til å gjere støvtørking på peishylla til ei komplisert affære. Han står med begge beina i norsk tradisjonsmusikk, og – med klangane frå hardingfele og folkemusikken – skapar han dei vakraste tonane. Med seg i dette prosjektet har han også eit knippe musikarar som ikkje er framande for å krysse og bryte opp sjangergrensene mellom improvisert musikk og tradisjonsmusikk. ERLEND APNESETH - hardingfele STEIN URHEIM - gitar, elektronikk ANJA LAUVDAL - piano, elektronikk IDA LØVLI HIDLE - akkordeon FREDRIK LUHR DIETRICHSON - kontrabass ANDREAS WINTHER - slagverk TOR MAGNE HALLIBAKKEN - lyd Erlend Apneseth har hatt ei forrykande karriere sidan debutalbumet «Blikkspor» i 2013. Alle dei tre siste albuma hans vart nominert til Spellemannprisen og plassert på lister over årets beste album i internasjonale tidsskrift som BBC Music Magazine, Le Monde og The Chicago Reader. Forutan hardingfela og folkemusikken har han fordjupa seg i komposisjon, improvisasjon og alternative klang og pizzicatoteknikkar, i tillegg til ei rekkje samarbeidsprosjekt med andre musikarar, teater, orkester, dansarar og poetar. Med strålande kritikkar i inn- og utland har han fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt, seinast Rolf Gammlengs pris i 2018.