PLAY! Plugga konsert med Ål kulturskule

Om arrangementet

Velkomen til sommarfest!  

Ål kulturskule inviterer små og store, elevar og publikum, til ein allsidig sommarfest på Ål kulturhus.  
Me har stor glede av song, musikk, dans, kunst og komponering her i Ål, og mange har ein leiken og kreativ kvardag saman med oss i kulturskulen. Me vil gjerne vise fram heile breidda vår, og ynskjer deg hjarteleg velkomen til å dele laurdagen med oss.   

Den plugga konserten PLAY! har latt seg inspirere av elevanes musikk frå spelverden. Det blir høgt og lågt frå  blant anna: God of war, Huldra, Sea of thiefs, Super Mario og Legend of Zelda  

Me har  260 elevar i kulturskulen på Ål, og denne dagen skal alle få skine. Du kan vente deg ei stor danseframsyning på Storescena, konsert i Sprang med dei dyktige musikarane våre, kunst frå kunstnarane og triveleg samvær.    

Velkomen til feiring av kulturen, sommaren og livet!

Kl. 13.30: KLANG! Akustisk konsert i Sprang
Kl. 15.00: SYNG! Danseforestilling med songarane i Storesalen
Kl. 16.30: PLAY! Plugga konsert i Sprang


Billett kr. 100,-/60,- pr. forestilling/konsert.
Du kan kjøpe fellesbillett for begge konsertane i Sprang. Den billetten finn du under "Akustisk konsert".
Barn = under 18 år.