PSYCHO THERAPY: SHALLOW TALE
Om filmen
Originaltittel: Psycho Therapy: The Shallow Tale of a Writer Who Decided to Write about a Serial Killer
Premiere: 2026-07-24
Varighet: 1t 42min
Sjanger: Thriller, Krim
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Original
Regissør: Tolga Karaçelik
Ekteskapsrådgjevar om dagen – Seriemordar om natta!
Keane (John Magaro) er ein forfattar med skrivesperre og som er fastlåst i eit livlaust ekteskap med Suzie (Britt Lower). Kona pressar på for skilsmisse og den litterære agenten har mista trua, medan Keane sin einaste bokidé (om ein romanse i førhistorisk tid) famlar utan retning. Ut av intet dukkar Kollmick (Steve Buscemi) opp, ein tidlegare seriemordar som hevdar å vere ein beundrar av Keane sine verk. Kollmick foreslår at Keane kan skrive ei bok basert på den morderiske fortida til Kollmick, men endar brått opp som ein noko ufriviljug ekteskapsrådgjevar på kjøpet. Dette er ein dristig og mørk komedie som trivst på den elektriske kjemien mellom Buscemi sin uhyggelege absurditet, Lower sin uttrykkslause stil og Magaro sin sjølvtvilande sjarm.
