Psykt blod

Billettar

Om arrangementet

Åtte utsette ungdommar i møte med ein nådelaus lærar og norske verdiar

Av Nurkan Erpulat og Jens Hillje.
Basert på Jean-Paul Lilienfeld sin film La Jornée de la Jupe.

Ein bråkete og typisk «vanskeleg» klasse på vidaregåande skule skal ha dramatime. Dei skal analysere, og framføre scener frå eit gamalt Tysk stykke: Friedrich Schiller sin «Røverne». - Det er dei ikkje særleg interesserte i… Læraren Sonja kjem ikkje til ordet uansett kva ho gjer og blir ikkje respektert. Når ein pistol fell ut av baggen til ein elev blir det kaos og pistolen blir snappa opp av læraren. Ho nøler i nokre sekund, men så tek ho elevane til gislar og tvingar dei til å spele teater. No er det brått ho som sit på makta – og ho kan krevje kva som helst. Gisselsituasjonen set i gang ei intens reise gjennom ulike sjangrar frå thrillar til komedie til drama som med glede dekonstruerer alle forestillingar me har om kva identitet er.

I Brageteatret si forestilling er scenografien designa som eit klasserom. Publikum sit langs veggane, tett på det som skjer.

Psykt Blod er ei kraftfull tekst om integrering, nasjonalitet, kultur og identitet. Den er skrive av to tyskarar der den eine har tyrkisk kulturbakgrunn. Då stykket kom skreiv det seg rett inn i ein diskusjon omkring integreringsspørsmål knytt til den store tyrkiske minoriteten som finst i mange store tyske byar. Men, også meir spesielt om korleis ein del fyrste- og andregenerasjons innvandrarungdom landar i ein skvis mellom to kulturar. Teksten gjeld alle land som tek imot flyktningar og innvandrarar med annan kulturbakgrunn enn sin eigen.
Stykket har vore spelt i både Sverige og Danmark, men aldri før i Noreg.

Bearbeiding og regi: Even Torgan
Omsetjar: Nelly Winterhalder
Scenografi og kostyme:
Karoline Sundsrud
Lysdesignar: Gard Gittlestad
Parykk/maske: Maria Zahl

Med: Med: Mohammed Aden Ali, Ina Svenningdal, Mari Maurstad, William Greni Arnø, Jhordan Nificent, Deniz Kaya, Julian Karenga, Rona Molakheil, og Camilla Klaudiussen.


Norgespremiere 31. januar 2020.

brageteatret_ung, er regionteatret si satsing på teaterforestillingar for ungdom frå 16-25, som dei kan oppsøkje på fritida. Psykt Blod er andre forestilling ut i satsinga.

Plakatfoto: Anne Valeur
Skodespelarfoto: Signe Fuglesteg Luksengard