Pust (Riksteatret)

Om arrangementet

Ei moderne kjærleikshistorie.

Dei står i køen på Ikea. Eit barn? spør han brått. Skal me starte ein familie? Ho blir overrumpla. Må ut. Eg treng eit øyeblikk, seier ho.

I ein serie lynraske scener blir det fortalt ei moderne kjærleikshistorie. Me er med gjennom ei samtale som varar livet ut. Det handlar om dei små og store vala me gjer i liva våre. Replikkane går som ping-pong. Den britiske dramatikaren Duncan Macmillan har sjølv skildra stykket som ei blanding av stand up, ein dans og ein brytekamp. Det er som å tjuvlytte til ei privat samtale. Det er morosamt og gripande. Lett å kjenne seg att i. Sjølv når verda står på hovudet og kloden ikkje er til å kjenne att. 

"Pust" blir sett opp over heile verda, no sist i London og på Broadway i New York med hovudrolleparet frå The Crown sesong 1-2.
I Riksteatret sin versjon møter du dei to unge og lovande skodespelarane, Kamilla Grønli Hartvig og Axel Bøyum. Mange vil kjenne Axel frå TV-seriane Heksejakt, Heimebane og Øyevitne. Kamilla er snart aktuell i ein ny serie på HBO Nordic.
Ingrid Olava står for musikken og regien er ved Marie Blokhus. 

På scena
Axel Bøyum og Kamilla Grønli Hartvig

Team
Regissør: Marie Blokhus
Kostymedesignar, Scenograf: Katja Ebbel Frederiksen
Komponist: Ingrid Olava
Lysdesignar: Oscar Udbye
Lyddesignar: Nils Wingerei
Produsent: Rebecca Mathisen

Av Duncan Macmillan
Omsett av Michael Evans

Forlag: Teaterforlaget Colombine

Forestillingslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause)

Produsert av Riksteatret