Riksteateret: I vårt sted
Billettar
Om arrangementet
Av Arne Lygre.
Riksteatret sender Nationaltheatret si kritikarrosa og Hedda-prisvinnande forestilling på turné!
«Et stykke skrevet for evigheten (…) borer i hvordan vi speiler oss selv i andre. Og den gjør det så varmt, interessant og elegant at forestillingen er blitt ett av årets største høydepunkter på scenen.» Aftenposten (6)
«I vårt sted» handlar om behovet for å ha nokon i livet sitt, om det å vere der for kvarandre, om å kunne kjenne seg att i ein annan og korleis me blir til gjennom den andre sitt blikk. Det handlar også om den underliggjande frykta for å bli valt bort, å bli åleine, å vere utbyttbar.
Me møter Astrid, som har hatt eit langt og nært vennskap med Eva, ein relasjon som pregar dei begge. Nyleg har ho også møtt Sara, og eit nytt og skjørt vennskap skal bli definert. Kven kan dei vere for kvarandre? Kan dei få ein større og viktigare plass i kvarandre sine liv enn det tida dei har hatt saman skulle tilseie?
Framsyninga har gått for utselde hus på Nationaltheatret og hausta strålande kritikkar. På scena får du oppleve Laila Goody, Ågot Sendstad og Ragnhild Tysse i eit gnistrande samspel. Stykket har sikra seg Heddaprisen for beste scenetekst og beste medspelar, og dramatikar Arne Lygre er nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Me treng alle nokon, eller kvarandre, men me treng aldri éin spesifikk.
«Føles som en lang, varm klem»
Aftenposten (6)
«Arne Lygre løfter frem det hverdagslige mennesket med dyp presisjon»
Klassekampen
«Tre av Norges fremste skuespillere har sjelden gravd dypere.»
Dagsavisen (6)
«En teaterforestilling av ypperste klasse.»
Morgenbladet
«En seier for skuespillerkunsten»
Vårt Land
Framsyningslengde: 2 timar 30 minutt (inkludert pause).
Turnépremiere i Sandnes 1. oktober 2025
Med Laila Goody, Ågot Sendstad, Ragnhild Tysse og Kristoffer Kompen (musikar).
Av Arne Lygre
Regissør: Sigrid Strøm Reibo
Scenograf og kostymedesignar: Katrin Nottrodt
Lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Komponist og musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Maskør: Eva Sharp
Dramaturg: Mari Vatne Kjeldstadli
Produsent: Bastian Stabell
Produsert av Nationaltheatret
Produsert for turné av Riksteatret