Riksteateret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox

Om arrangementet

Bli med på ei actionfylt familieframsyning der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna. 

Riksteatret si kritikarrosa framsyning «Skorpionens spill – i skyggen av Roblox» høver for deg som likar å game og alle som ynsker seg ein kveld der vaksne og barn kan gjere noko gøy saman!

«Underholdende og smart (..) her får barn og foreldre garantert mye å snakke om»
Dagsavisen (terningkast 5)

«Gøy med gaming på teater»
Aftenposten (terningkast 6)

«Yii-haa! (…) Ein visuell cowboy-fest»
NRK

Gaia er den beste på skulen til å lage spel i Roblox. Sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevennen tar ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta tilbake kontrollen før det er for seint?

Etter suksessen med «Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr», lagar Riksteatret ei heilt ny framsyning der handlinga foregår i Roblox. På kvar av dei 50 stadane som får besøk, medverkar seks lokale barn og ungdom som såkalla skodegamerar, der dei spelar Roblox live på scenen.

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Framsyninga er laga for dei litt større barna. Passar ikkje for barn under 6 år.

Med Mie Korsbakken Christensen, Tevje Espeland, Albertine Lundgren, Tom Styve og Mie Omholt. 

Regissør og dramatikar: Frode Gjerløw
Dramatikar: Håkon Dalsbø
Dramaturg: Mariken Lauvstad
Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington
Komponist: Raymond Enoksen
Lyddesignar: Morten Haug Serigstad
Lysdesignar: Martin Myrvold
Videodesignar: Thomas Gallagher
Spelutviklar Shyfoox AS: Nora Helen Engelsvold
Produsent: Bastian Stabell

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen.














Nytt spel i Roblox | Skorpionens spill:


Kva gøymer seg i Ville Vesten? No kan du utforske Skorpionens spill sjølv. Spring fritt, sjå etter spor og oppdag meir av historia – før eller etter teaterforestillinga, åleine eller saman med vener.
Spelet er utvikla i samarbeid med Shyfoox Studios. Roblox er gratis å bruke, og kan spelast på mobil, nettbrett, PC/Mac, Xbox og PlayStation.




Ansvarsfråskriving:
Denne teaterframsyninga er ein uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponsa eller tilknytta Roblox Corporation. "Roblox" er eit registrert varemerke tilhøyrande Roblox Corporation, og all omtale av dette merket skjer berre i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt. Innhaldet i framsyninga reflekterer manusforfattarane sine eigne meiningar og undersøkingar og er ikkje uttrykk for synspunkta til Roblox Corporation eller nokre av deira tilknytta selskapa. Alle referansar til Roblox eller relaterte produkt vert gjort innanfor ramma av legitim ytringsfriheit og rimeleg bruk ("fair use").