Riksteatret: Et glass til

Om arrangementet

Publikumssuksessen frå Christiania Teater med Sven Nordin, Ingar Helge Gimle, Christian Skolmen og Nader Khademi skal på turné med Riksteatret!

Lærarane Martin, Tommy, Nikolai og Peter slit med både motivasjonen, sjølvtilliten og kontakten med elevane sine. Dei bestemmer seg for å teste teorien om at mennesket er fødd med ein halv promille for lite i blodet.

Teorien går ut på at alkohol opnar sinnet for omverda og får kreativiteten til å blomstre. Resultatet er oppsiktsvekkjande. Både undervisninga og sjølvtilliten blir betre, og venene byrjar for alvor å kjenne seg levande att. I takt med at glasa blir fyllt opplever nokon framgang, medan andre sporar av. Det blir tydeleg at alkohol har sine positive sider, men også at den slags dristige forsøk kan ha alvorlege konsekvensar for både jobben og privatlivet.

Stykket er basert på den Oscar-vinnande danske filmen “Druk” som har gjort stor internasjonal suksess, hausta strålande anmeldelsar og ikkje minst vunne Oscar-prisen for beste internasjonale film.

“Et glass til” er ei morosam, rørande, og tankevekkjande historie om vennskap, fridom, kjærleik - og alkohol.

Sett av 30.000 på Christiania Teater i Oslo.

--

Publikum og presse jublar:

“Helt unik teatermagi” 
Aftenposten

«En forestilling du ikke vil gå glipp av” 
Broadway World

«Vitne til noe historisk bra»
Kulturdrops

--

På scena: Sven Nordin, Ingar Helge Gimle, Nader Khademi og Christian Skolmen.

Team:
Regissør: Mattis Herman Nyquist
Scenograf og lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Komponist: Hanne Hukkelberg
Kostymedesignar: Alva Walderhaug Brosten
Lyddesignar: Lars Hareide Swenson
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Scenisk bearbeiding av Thomas Vinterberg og Claus Flygare.

Manus: Thomas Vinterberg og Thobias Lindholm

Norsk omsetjing: Lars Berge

Forestillingslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Turnépremiere: Steinkjer 14. februar 2024

Produsert av StarWorks og Over Norge. På turné med Riksteatret.