Riksteatret: Prima Facie
Billettar
Om arrangementet
Brennaktuelt tema - og ei ypparleg øving i kunsten å sjå ei sak frå fleire sider.
Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving.
Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.
«En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft»
Aftenposten 6
«Vinterens sterkeste teateropplevelse»
Dagsavisen 6
«Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum»
Adresseavisen 6
«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke»
NRK 5
Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første øyekast.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin seiersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
Med Maria Kristine Hildonen og musikar Elisabeth Mørland Nesset.
Regi: Maren E. Bjørseth
Musikk: Sjur Miljeteig
Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatret sine nettsider:
www.riksteatret.no/prima-facie/
Framsyningslengde: 1 time 45 minutt (ingen pause).
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.
«BEST PLAY»
Olivier Award
«BEST NEW PLAY»
WhatsOnStage
«BEST NEWCOMER»
Broadway World UK Awards
Av Suzie Miller
Omsett av Agnes Banach
Regissør: Maren E. Bjørseth
Scenograf og lysdesignar: Norunn Standal
Kostymedesignar: Alva Walderhaug Brosten
Komponist og lyddesignar: Sjur Miljeteig
Koreograf: Magnus Myhr
Produsent: Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.
Noregspremiere i Oslo, Nydalen 4. februar 2025.