Riksteatret: Romeo og Julie

Om arrangementet

Den største kjærleikshistoria av dei alle.

Kjærleiken kan få deg til å risikere alt du er og alt du har. Berre spør Romeo og Julie. Dei er unge. Dei er stormforelska. Og som alle unge – dei er udøyelege. Men kjærleiken deira er forboden. Ei natt er alt dei får. William Shakespeare si kjærleikshistorie frå slutten av 1500-talet har vorte ein inspirasjon for nesten alle historier me kjenner om ung og umogleg kjærleik i TV, film, bøker og teater. Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å spele originalhistoria, er det med eit stort ensemble og sett i scene av ein av dei mest ettertrakta regissørane i landet. Sigrid Strøm Reibo (36) er kjent for å gjere klassikarane tilgjengelege for eit stort publikum. Ho står bak prisløna teateroppsetjingar som trippel Hedda-vinnar Orlando på Rogaland Teater, Som dere vil med Bertine Zetlitz på Nationaltheatret og publikumsfavoritten Peer Gynt på Gålå. Me veit at ho vil gje oss ein ung og frisk versjon av Romeo og Julie – tru mot originalen, og trulaus mot alle som trur dei kjenner historia. Etter premieren på hovudscena på Nationaltheatret, skal Romeo og Julie besøkje 50 stader med Riksteatret i heile landet. Med unge lovande Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum som Romeo og Julie og skodespelarar som Anne Krigsvoll, Eindride Eidsvold, Petronella Barker i eit stort ensemble på scena, ynskjer me deg velkomen til haustens storsatsning på Riksteatret! På scena Hanna-Maria Grønneberg, Herbert Nordrum, Anne Krigsvoll, Petronella Barker, Eindride Eidsvold, Kyrre Hellum, Morten Espeland, Sverre Breivik, Kim J Olsen, Amell Basic, Sjur Miljeteig og Øystein Skar Team Regissør: Sigrid Strøm Reibo Scenograf og kostymedesignar: Katrin Nottrodt Lysdesignar: Agnethe Tellefsen Komponist og lyddesignar: Sjur Miljeteig Dramaturg: Njål Helge Seljeset Mjøs Koreografisk assistanse: Oleg Glushkov Produsent: Rebecca Mathisen Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause). Turnépremiere: Gjøvik 12. september 2019 Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret.