Riksteatret: Sult

Om arrangementet

Har du nokon gong kjent deg utanfor?

Sult kom fyrste gong ut i 1890. Det skulle bli Knut Hamsun sin gjennombrotsroman og eit verk som samtidig innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både den fysiske sult og den psykiske pine hjå den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i moderne dikting som held på fascinasjonskrafta også i dag.  

"Sult er ei bok som eg kjem attende til, igjen og igjen. Denne ubøyelege, nådelause, perverse, komiske og usamanhengjande undersøkinga av ein ensleg karakters tilstand er så radikal at den framleis tek pusten frå meg." Siri Hustvedt  

"Kven har ikkje kjent på kjensla av å ikkje høyre heilt til, eller vere oversett av andre. Med Sult har eg lyst til å vise at det er menneskeleg å kjenne seg utanfor", seier Anders T. Andersen som skal ha regi og dramatisere Knut Hamsun sin klassikar for Riksteatret. Han står bak ei rekkje vellykka dramatiseringar av romanar for teater som Roy Jacobsen sin De usynlige, Om våren av Karl Ove Knausgård og Geir Gulliksen sin Historie om et ekteskap. Andersen sto også bak filmatiseringa av Berlinerpoplene for NRK og slepp spelefilmen Fuglane basert på romanen til Tarjei Vesaas hausten 2019. Han har også i desse dagar stor suksess med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret.  

Også denne gongen skal han lage ei teateroppsetjing med mykje bruk av bilete, video og musikk – med blant andre skodespelar Preben Hodneland og musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars på scena. 


På scena:

Preben Hodneland, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Torstein Bjørklund og Petter Vermeli 


Team:

Regissør: Anders T. Andersen

Scenograf: Dagny Drage Kleiva

Kostymedesignar: Mette Welle Jacobsen

Lysdesignar: Øystein Heitmann

Lyddesignar: Erik Hedin

Videodesignar: Kenneth Karlstad

Produsent: Emnet Kebreab
 

Forestillingslengde: 2 timar og 20 minutt (inkludert pause).
 

Premiere: Oslo / Nydalen 9. januar 2020 

Produsert av Riksteatret

Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/sult