Riksteatret: Jeanne d' Arc

Om arrangementet

Kva er me viljuge til å kjempe for i dag?

Haustens storsatsing på Riksteatret er historia om den unge jenta som gjekk i døden for ei sak ho trudde på. Kven var Jeanne d’Arc, og kvar kom motet hennar frå? Kva er det med lagnaden hennar som framleis rører oss - seks hundre år etter at ho vart brent på bålet, og gjort til helgen?

Historia om Jeanne d´Arc vedkjem oss. Også i dag ser me at mange er viljuge til å ofre livet for noko dei opplever som større enn dei sjølve. Kan hennar kamp bli samanlikna med det?

Regien er ved Eline Arbo. Når Arbo lagar teater om historiske personar, ser ho dei med vår tids augo. - Jeanne d´Arc passa ikkje inn i samfunnet, seier ho. Ho kjempa åleine og måtte gå i døden for overbevisinga si.

Om du møter Jeanne d ‘Arc for fyrste gong eller kjenner historia frå før, er du hjarteleg velkomen i teatret. Slik verda no har vorte, kjennes det ekstra meiningsfylt å lage forestillingar som kan vekkje engasjement for ei betre verd. 

 

På scena
Monica Dybwad, Mats Moe, Eirik Langås Jørgensen, Oscar Jean, Elias Moussaoui Anseth og Gorm Grømer

 

Team
Regissør: Eline Arbo
Scenograf: Olav Myrtvedt
Kostymedesignar: Alva Walderhaug Brosten
Komponist: Thijs van Vuure
Lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Dramaturg: Oda Radoor
Produsent: Silje Vigerust Vinjar

Av Lucas Svensson. Omsett av Oda Fiskum.

Forestillingslengde: 1 time 40 minutt (ingen pause).

Foto: Julie Pike

Premiere: Oslo / Nydalen 26. aug 2022

Turnépremiere: Svolvær 31. aug 2022

Produsert av Riksteatret