Ruffen og den flyvende hollender

Om arrangementet

Av Tor Åge Bringsværd Langt ute i havet ligg ei mystisk øy. Den er berre synleg på tysdagar og fredagar, og i eit gamalt slott på denne øya bur den vesle sjøormen Ruffen, og familien hans.Onkel Ludvik fortel eventyr, og aller best likar Ruffen å høyre om Den siste havn. Det er ein by med trekkspelmusikk og roser, og det er hit alle sjømenn som blir borte på havet kjem. Her sit dei på brygga og spyttar i sjøen, og alle er vener. Ein kveld bles det opp til storm, vinden knurrar og kvesar og brått kjem eit underleg seilskip til syne. "Det er eit spøkelsesskip" seier onkel Ludvik, "Det er den flyvende hollender". Like raskt som det kom, forsvinn skipet att, og Onkel Ludvik vil ikkje snakke meir om det. Ingen av dei vaksne vil fortelje Ruffen om den flyvende hollender, men bestemor seier at skipet varslar død og ulykke, og at kapteinen er dømt til å seile til evig tid, utan å kvile, utan å kome til hamn. Heile natta tenkjer Ruffen på den einsame kapteinen, som alltid må vere åleine, og morgonen etter pakkar han mat og drikke i sekken sin, og gjev seg ut på havet for å finne ut av korleis det heile heng saman. Kanskje finn han den flyvende hollender, og kanskje kan han hjelpe til med å få skipet fram til Den siste havn. Velkomen til ei fantastisk figurteaterforestilling som passar for alle frå 5 år! Me har henta inn duoen Kirjan Waage og Gwendolyn Warnock til å gjere Tor Åge Bringsværd sitt magiske univers på havet levande. Her blir det spektakulære dokker, levande musikk og flygande skip. Kirjan og Gwendolyn er del av det New York-baserte dokketeaterkompaniet Wakka Wakka. Kompaniet er kjent for overdådig og imponerande figurteater, og har mottatt ei rekkje prisar og gode kritikkar for forestillingane sine. Regi, kostymedesign og dokkedesign: Kirjan Waage Regi, scenografi og dokkedesign: Gwendolyn Warnock Dramaturg: Oda Radoor Lysdesignar: Oscar Udbye Skodespelarar/dokkespelarar: Siv Iren Misund, Oda Djuplasti, Kirjan Waage, Kristoffer Bakken Erichsen Musikar/forteljar: Nils Oortwijn Illustrasjon: Thore Hansen Produsert av Brageteatret 2021