Så ha ei god jul, då! Tenorane og Steffen Horn

Om arrangementet

Musikalsk juleglede med julegløgg og staute karar.

Midt julestria treng me alle eit pusterom. I vintermørkret kan musikk gje varme og fylle hjartet med julestemning. Tenorane Henrik Hundsnes, David Fielder og Aasmund Kaldestad og den strålande pianisten Steffen Horn inviterer deg inn i varmen med ein magisk konsert full av glitrande tonar og ekte songglede. Dei kan by på alt frå rockeinspirerte songar av Dum dum Boys til tidlause, klassiske juleperler me alle kjenner. Dei rører ved nostalgien med silkemjuke Sinatra-låtar, og kraftfulle Elvis-nummer som tek oss tilbake til ei svunnen tid, og lyfter taket med mektige meisterverk av store komponistar som Bach, Händel og Verdi. Senk skuldrene og nyt ei stund med vakker musikk som gjev ro i sjela og påfyll av juleglede. Så ha ei god jul, då!