Sangen fra skogene

Om filmen

Originaltittel: Le chant des forêts

Premiere: 2026-10-23

Varighet: 1t 33min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Originalspråk: Original

Regissør: Vincent Munier

Ein slåande vakker dokumentar om livet i skogen. Som ung gut lærde regissør Vincent Munier å setje pris på naturen av far sin. No er Vincent sin eigen son på same alder, og dei tre generasjonane gjev seg inn i dei tette skogane i Frankrike for å oppleve fuglar, hjortar og gaupe på nært hald. Bestefaren sin absolutte favoritt er tiuren, ein fugl som no har forsvunne frå dei franske skogane. For å gje barnebarnet høve til å oppleve den fantastiske fuglen, reiser dei til Noreg. "Sangen fra skogene" er ein usedvanleg vakker film, prega av ro og undring. Han minner oss om all den glede naturen gjev og kor viktig det er at me tek vare på han. Vincent Munier er ein av verdas fremste naturfotografar. Med kameraet sitt fangar han augeblikk dei færraste får oppleve, og gjer dei tilgjengelege for alle.