Sangfoni

Om arrangementet

Sangfoni - ei live-oppleving som vil få deg til å hoppe og sprette, danse og synge med!

Musikk er moro, og fint og fantastisk. Musikk er sett saman av mange element. I Sangfoni utforskar me kva musikk består av. Me oppdagar rytmar og finn ut av melodiar. 

Sangfoni er ein norsk musikkbasert tv-serie produsert av NRK Super. Serien har vorte enormt populær både blant vaksne og barn.

I denne sceneversjonen tek John Vinge dei friske musikkarrangementa frå TV-serien inn på scena saman med det eminente bandet sitt, skodespelar Marte Mørland, og ein gjeng sang- og danseglade barn. I regi av Nils Petter Mørland, teatersjef ved Brageteatret, får dei tradisjonelle barnesongane våre nytt liv. Bli med og syng Tyven tyven, Fader Jakob, Pål sine høner og Kjerringa med staven, så taket lyftar seg.

“… Det er imponerende hvordan serien forvalter den norske sangarven og fungerer som inspirerende musikklærer i en og samme fengende vending. ‘Kjerringa med staven’ og ‘Fola fola blakken’ fremstår som alt annet enn trauste og gammelmodige. I musikkvideoene blir man fortrolig med rap, opera, hardrock, house, reggae, klassisk, disco, gospel, samba, baryton-gladjazz etc.” – Einar Aarvig / RUSHPRINT om TV-serien Sangfoni

Sangfoni i sceneversjon er produsert av Riksscenen i samarbeid med Brageteatret, med lisens frå NRK. Forestillinga er basert på NRK sin produksjon med same namn, produsert av NRK Super.

Høver for alle frå 2 år. 

Forestillinga varar i om lag 50 minutt.

Medverkande: 

Regi: Nils Petter Mørland
Kapellmeister: John Vinge
Skodespelar/songar: Marte Mørland
Gitarar: Ask Vatn Strøm
Blåseinstrument: Lars Andreas Haug
Trommer: Martin Windstad
Kontrabass: Roger Arntzen
Innstudering: Hilde Leite Gaupås
Koreograf: Sandra Gerecke
Lysdesign: Oscar Udbye
Scenograf: Monica Valsø