Sangklubben

Om filmen

Originaltittel: Military Wives

Premiere: 2020-06-26

Varighet: 1t 53min

Sjanger: Drama, Komedie

Aldersgrense: Tillatt for alle

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Peter Cattaneo

For kvinnene på ein militærbase i England kjennes tida lang og bekymringane store når mennene er ute i teneste. Blant dei er Kate og sprudlande Lisa, som tek initiativ til å arrangere fellesaktivitetar for å styre tankane over på noko anna. Ideen om eit sangkor vekkjer begeistring, trass i at dei ikkje er heilt einige om sjanger. Kate elskar å synge fleirstemt i eit klassisk repertoar, men Lisa vil heller live det heile opp med poplåtar der alle kan synge med. Ein dag blir koret invitert til å opptre i Royal Albert Hall, og for å greie å gjennomføre må alle leggje usemjene bak seg og samarbeide om å finne ein felles melodi. "Sangklubben" er ein varm og opplyftande film, basert på ei sann historie og regissert av Oscar-nominerte Peter Cattaneo, som sto bak ‘I blanke messingen’. Robbie Williams har skrive musikk til filmen.