Sannheten

Om filmen

Originaltittel: La Vérité

Premiere: 2021-02-12

Varighet: 1t 47min

Aldersgrense: Alle

La Vérité som han heiter på fransk, er Kore-edas fyrste film på eit anna språk enn japansk. Den foregår i Frankrike med legendane Catherine Deneuve og Juliette Binoche i hovudrollene, godt supplert av Ethan Hawke og Ludivine Sagnier. Dei to fyrstnemnde spelar mor og dotter med eit heller anstrengt forhold. At mora no har skrive bok, gjer at gamle sanningar blir dratt fram i lyset – og notida. Filmen kjennes nesten merkverdig fransk, med skvulpande raudvinsglas og intense samtaler. Samtidig er han breiddfull av interessant familiedynamikk og menneskelege relasjonar av den typen som har kjenneteikna filmane til Kore-eda i ei årrekkje. Kanskje er det ikkje så rart at ein regissør av hans kaliber ikkje lar seg hindre av eit framand språk. Han har ei eiga evne til å observere og framstille menneske på ein måte som kjennes veldig verkeleg – så også her. Velkomen attende, Kore-eda! Hirokazu Kore-eda (f. 1962) er ein av dei mest kjende regissørane i Japan, og fast inventar på "Film fra Sør". Han har vore nominert til Gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes fem gonger, og suksessfilmen "Shoplifters" stakk av med prisen i fjor. Då var den også opningsfilm på "Film fra Sør", og vann publikumsprisen.