Senioruniversitet: Kari Veiteberg - Tru, håp og livsmot

Om arrangementet

I dette kåseriet, som finn stad i ei tid prega av terror og grusomme krigshandlingar, deler den folkekjære presten sine tankar og erfaringar. Rituala, kyrkjehusa, godnattsongen og tradisjonen kan vere noko å støtte seg til. Dei er rammer rundt eit fellesskap som kan bere kvar enkelt av oss og gje oss håp.

Kari Veiteberg er prest, tidlegare biskop i Oslo frå 2017 til 2024. Før det var ho gateprest i Kirkens bymisjon. Ho er kjend for sitt sterke engasjement for menneske i sårbare livssituasjonar. Veiteberg har skrive fleire bøker om teologi og bibelske tema og er kjend for å bruke nynorsk og eit folkeleg språk og både i skrift og samtale. Ho har skrive fleire bøker, mellom anna Bibelens kvinner, Evas døtre og Bibelen på 200 sider. I 2020 vart ho tildelt Målprisen.