Senioruniversitetet: Dag Steinfeld
Billettar
Om arrangementet
Fedre og søner.
Forfattar og advokat Dag Steinfeld fortel frå boka si Fedre og sønner – en familiehistorie fra tsarens Russland til den kalde krigen. Ei spennande familiehistorie om fire generasjonar i varm og kald krig.
Dag Steinfeld høyrde forteljingar om den jødiske familien sin på farssida frå han var liten. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging i Russland på 1800-talet og etablerte seg etter kvart med fleire forretningar i Noreg. Seinare døydde mange av dei i Auschwitz. Då Dag bestemmer seg for å undersøkje fortida, avdekkjer han ei eventyrleg klassereise og stor rikdom, men også kraftige konfliktar. Gjennom to verdskrigar, økonomiske krisetider og kald krig står fedre og søner mot kvarandre i familien. Han har sjølv stått i ei slik konflikt med far sin. Men dette er også ein historie om venskap, samhald og kjærleik.