Senioruniversitetet: Embrik Luksengard
Billettar
Om arrangementet
Kampen om sanninga.
Stikkord for foredraget er: redaktørstyrte medier si framtid i flaumen av fake news, sosiale medier, KI, meiningspolarisering og kampen om merksemd.
I dag er informasjonsflaumen større enn nokon gong. Kven kan me stole på? Og kva gjer makta for å kontrollere informasjonen?
Som journalist i Hallingdølen sidan midten på 1980-talet, har fungerande redaktør Embrik Luksengard følgd medieutviklinga tett. Her teiknar han eit bilete av korleis den nye mediesituasjonen påverkar arbeidet i ei lokalavis.