Senioruniversitetet: Foredrag v/Jacob Wulff Wold

Om arrangementet

Kunstig intelligens, KI, har utvikla seg i rasande fart og har dei siste åra vorte både ein geopolitisk nøkkelressurs, eit vitskapleg vedunder og eit middel til undertrykking for autoritære statar. Ingen veit heilt kor utviklinga vil gå vidare, men den utfordrar allereie no korleis me tenkjer om økonomi, 
politikk og djupare tema som kjærleik, rettar, bevisstheit og etikk. Foredraget vil gje ein lettfatteleg introduksjon til korleis kunstig intelligens fungerer, og kva for moglegheiter og utfordringar teknologien vil bringe - teknisk, politisk og filosofisk.

Jacob Wulff Wold har jobba eit år med KI-politikk i Noreg som rådgjevar i tenketanken Langsikt. I to år har han jobba som politikk-journalist i Brussel der han særleg har dekka EU sin teknologipolitikk. Han er utdanna sivilingeniør i anvendt fysikk frå NTNU med fordjuping i kunstig intelligens. 
Han har publisert debattinnlegg i Aftenposten, Morgenbladet, Klassekampen og digi.no.