Senioruniversitetet: Martin Lindal

Om arrangementet

Hyttebonanza – olja i bygdesamfunna?

Martin Lindal er ei markant røyst i miljødebatten og vil snakke om hyttebygging, næringsutvikling og arealdisponering i kommunane, sett i ei eit klima- og naturperspektiv: Eit brennbart tema i Hallingdal.

Lindal har realfag frå universitetet i Oslo m.a. biologi. Han bur no i Drammen, men budde i Hemsedal i 35 år der han jobba i skulesektoren. Han var i kommunepolitikken i fire periodar. I åtte år var han leiar av villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen. Han har vore og er aktiv i Naturvernforbundet i Buskerud, dei siste seks åra som leiar.


Arrangør: Senioruniversitetet Ål