Senioruniversitetet Ål: Tomm Kristiansen

Om arrangementet

Tomm Kristiansen
- Afrikas historie på 60 minutt

Biletet av Afrika har vore og er framleis eit kontinent utan framtid. Tomm Kristiansen har opplevd ikkje berre dei dystre sidene, men også det gode Afrika. Han vil fortelje om fleire tusen år gamle sivilisasjonar og om korleis europeiske land har gripe inn i Afrika med slavehandel og kolonisering. 
Dette vil bli vaksenopplæring på høgt nivå.