Shazam! Fury of the Gods
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Shazam! Fury of the Gods
Premiere: 2023-03-17
Varighet: 2t 10min
Sjanger: Action, Eventyr, Komedie, Superheltfilm
Aldersgrense: 12 år
Originalspråk: Engelsk
Regissør: David F. Sandberg
"Shazam! Fury of the Gods" held fram historia om tenåringen Billy Batson, som blir forvandla til sitt superhelt-alter ego Shazam, ved å seie nettopp... SHAZAM!
Med gudegjevne krefter må Billy og resten av fosterbarna i gjengen lære seg korleis dei sjonglerer tenåringslivet med det å ha vaksne superheltversjonar av seg sjølv. Når døtrene til Atlas, ein hemngjerrig gudetrio, kjem til jorda på leiting etter magien som vart stole frå dei for lenge sidan, blir Billy og familien hans kasta inn i ein kamp for kreftene sine, livet, og lagnaden til heile verda. Filmen er regissert av svenske David F. Sandberg, og i hovudrollene finn me att Zachary Levi, Asher Angel, Jack Dylan Grazer og Adam Brody, medan nye namn som Helen Mirren, Lucy Liu og Rachel Zegler også dukkar opp.