Shorta

Om filmen

Originaltittel: Shorta

Premiere: 2021-03-05

Varighet: 1t 48min

Sjanger: Krim, Action, Dokumentar

Originalspråk: Dansk

Regissør: Frederik Louis Hviid, Anders Ølholm

Politimennene Mike og Jens er på patrulje i ein fattig bydel dominert av ikkje-vestlege innvandrarar då det blir offentleg kjent at den 19 år gamle Talib har døydd i politiets varetekt. Mike og Jens har pågripe den mørkhuda Amos og skal frakte han attende til stasjonen, men når nyheita om at Talib er død blir kjent eksploderar nabolaget i eit forferdeleg sinne mot politiet. Brått er dei to patruljerande betjentane fritt vilt, og omgjeve av valdelege demonstrantar på alle kantar må dei ha hjelp frå den motviljuge Amos til å finne ein veg ut av det labyrint-liknande bustadkomplekset før det er for seint. SHORTA er ein intens og intelligent film om sosiale problemstillingar knytt til innvandring, parallellsamfunn og politivald i dagens Danmark, som brukar action- og thrillarverkemiddel til å la publikum kjenne den spente stemningen på kroppen. Dette er ein spenningsfilm på høgt internasjonalt nivå, som har fått stor merksemd etter at han vart plukka ut til kritikarveka under årets filmfestival i Venezia.