Si ingenting

Om filmen

Originaltittel: Si ingenting

Premiere: 2022-08-26

Varighet: 1t 23min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 9 år

Originalspråk: Norsk

Regissør: Rolv Lyssand Bjørø

Rapartisten Kamelen har dei siste åra vorte kjendis i Noreg. Sjølvsagt på grunn av musikken, men ikkje minst på grunn av ein røff livsstil og fleire møte med politiet.

I kinofilmen SI INGENTING blir me kjent med Marcus, mennesket bak artistnamnet Kamelen. Gjennom ærlege augeblikk, spenstige verkemiddel og eit feitt lydbilete får me oppleve begge sidene av personlegdomen hans: Samfunnsborgaren med profesjonell artistkarriere og livet på stell og den andre Marcus, han som lar ADHD’en få utløp gjennom å pushe alle grenser. Etter kvart som karrieren tek av og fanskaren veks blir han tvinga til å ta stilling til spørsmålet: Er det mogleg å leve eit liv med den eine foten i ei kriminell kjerne og den andre i det normale samfunn, eller må han velge side?