Sigrid Bonde Tusvik - Heks On The Beach

Om arrangementet

Stand Up Norge AS presenterer:

«SIGRID BONDE TUSVIK – HEKS ON THE BEACH»

Norges tøffaste og mest engasjerte komikar og programleiar, Sigrid Bonde Tusvik, lanserer si fyrste standupforestilling! 

Me lever i ei verd der du kan få til kva som helst, men me sit helst i timevis og blir forbanna på framande i kommentarfelt. Kanskje me bør skylle internett ut av kroppen av og til?

Visste du at sladder er viktigare for menneske enn eld? Og kvifor er me framleis usikre på om rotta hadde skulda for svartedauden? Nokre generasjonar seinare står me likevel bleike att på busshaldeplassen og tvilar på om dette rotteracet er verdt å leve. Kva gjer ein med ein ubrukeleg anakonda i stugu? Og kven blir eigentleg utsett for ei heksejakt? 

Sigrid Bonde Tusvik har vunne komiprisen for årets kvinnelege scenekomikar og publikumsprisen for årets mest morosame. Ho har hatt kjempesuksess med ein av landets fyrste og største podcastar, «Tusvik&Tønne», er ein av dei mest populære spaltistane i Dagsavisen og har tre halvgode bokutgjevingar bak seg. Ho har tidlegare også hatt kjempesuksess med forestillingane «Mot i brøsta» saman med Else Kåss Furuseth og Henriette Steenstrup (2014) , «Tusvik&Tønne – Skammer seg» (2015) og «Tusvik&Tønne – På oppdragelsesreise» (2017).


Terningkast 6: «Førsteklasses heks!»
- BERGENS TIDENDE

Terningkast 5
: «Skarp, gutsy og veldig morsom. Terningkast heks»
- VG

Terningkast 5: «Styrtmorsom og viktig. Kan ikke huske å ha sett så mye bedre på en norsk standupscene»
- NRK

Terningkast 5: «Sigrid Bonde Tusvik imponerer i sitt første soloshow. Publikum elsker det»
- DAGSAVISEN


Gled deg til eit unikt fyrverkeri av ei forestilling – Sigrid Bonde Tusvik er i fyr og flamme!


Av og med:
Sigrid Bonde Tusvik
Regi:
Martin Beyer-Olsen

Tekstredaktør: Pernille Johnsen

Lyddesign: Kjetil Husøy
Lysdesign: Daniel Sørensen