Magnus Lagabøtes landslov - eit 750 år gamalt storverk

Om arrangementet

I 1274 vart det dåverande Noreg fyrste gong samla til eitt rike under éi lov. Kong Magnus Håkonsson var mannen bak storverket – og fleire andre lovverk. Magnus er den einaste mellomalderkongen vår som ikkje starta ein krig, han dreiv heller med lov. Og den nye Landslova var eit banebrytande arbeid som fekk store konsekvensar for heile samfunnet i hundreåra som følgde. Også i Hallingdal.

Sigrun Høgetveit Berg (f. 1972) frå Ål er professor i eldre historie ved UiT Noregs arktiske universitet. 
Ho arbeider særleg med kyrkje og samfunn i mellomalder, reformasjonshundreår og tidleg nytid, og generelt med eldre historie i nordområda.


Gratis inngang!
Du kan sikre deg plass ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.


Arrangør: Ål bibliotek og Senioruniversitetet Ål