Snødronningen (Brageteatret)

Om arrangementet

Av H.C. Andersen
- Eit magisk og musikalsk eventyr om eit uovervinneleg vennskap. 

Gerda og Kai er bestevener, dei leikar saman kvar einaste dag og er så gode vener at dei kjenner seg som ekte sysken.
Ein dag vil ikkje Kai vere med å leike meir, han vil ikkje ein gong sjå Gerda, og han vil berre sove heile tida. Og brått er han heilt borte. Ingen kan svare på kvar Kai har vorte av, så Gerda bestemmer seg for å finne han.

I forestillinga blir publikum tatt med på Gerda si farefulle og forunderlege reise på leiting etter venen sin. Ho snakkar med blomar, kråker og reinsdyr. Ho møter røvarar og overlever polarnatta. Til tross for all motgang og alle utfordringar, stiller Gerda aldri spørsmål ved alt ho må gjennomgå for å finne venen sin.
Vener spør ikkje om kvifor dei skal vere vener, dei er vener!
Kva skjer når Gerda til slutt finn Kai fanga i slottet til Snødronninga? Vil ho greie å få venen sin med attende?

Snødronninga
er ei oppleving for heile familien der både barn og vaksen vil le og undre seg saman (best frå 5 år).

Forestillinga er eventyrleg, litt skummel og morosam, full av nylaga musikk og ein magisk scenografi.

Eventyret av H.C. Andersen er i si originale form ei underleg og mystisk forteljing. Det er prega av tida si og fokuserer på korleis menneske blir vonde i hjarta på grunn av dei vonde kreftene i verda, og at det reine og gode er den einaste som kan redde nokon frå det vonde

Brageteatret sin versjon er ei ny-dramatisering av Toril Solvang.
Regi er ved Kjell Moberg frå Teater Nie.

Kjell Moberg er kjent for å lage forestillingar som tek opp dagsaktuell tematikk på ein poetisk, varsam og vakker måte. Om Snødronninga seier han: «Den modige er ikkje den som ikkje kjenner seg redd, men den som sigrar over frykta, sa Nelson Mandela. Eg veit ikkje om Gerda er dotter til Mandela, men ho er heilt klart systera til både Pippi og Ronja Røverdatter. Gerda gjer det einaste rette når ein ven har det vanskeleg - ho handlar. Og det er jo til slutt det vennskap handlar om;
Det er fyrst når ting blir vanskeleg at ein finn ut kvifor ein har vener.»

Regi: Kjell Moberg
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel Fredriksen
Dramatisering: Toril Solvang
Lysdesign: Oscar Udbye
Komponist: Håvard Gressum Antonsen
Med: Maria Agwumar, Julia Küster, Oda Djuplasti, Jonas Andersen Sandvik, Nils Oortwijn.