Solistene
Om filmen
Tittel: Solistene
Premiere: 2025-03-21
Varighet: 1t 27min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Ukrainsk, Norsk, Engelsk
Regissør: Trond Kvig Andreassen
Nært og gripande om eit orkester som vart krigsflyktningar over natta.
15 musikarar frå orkesteret «Kyiv Soloists» reiser på det som skulle vere ein kort turne i Italia i februar 2022. Same natt invaderer Russland heimlandet deira. I kaoset som følgjer, bestemmer dei seg for å utvide turneen vidare i Europa, før Arktisk Filharmoni tilbyr dei hus og jobb i Bodø. Sjølv om pausa er etterlengta, er den likevel midlertidig. Musikarane må navigere sitt nye liv i limbo, og som flyktningar. Korleis skal dei ta val for framtida, når herjingane av krigen kastar skuggar over alt? Regissør Trond Kvig Andreassen (kjent for Mr. Good: Gåten Eirik Jensen og Riv i hjertet - en film om Sondre Justad) har fått eit unikt og nært innblikk i eit orkester i oppløysing. Resultatet er ein varm dokumentarfilm som som rører ved det inste hjå publikum og som får ein til å reflektere over kva val ein sjølv ville ha tatt i same situasjon. Solistene vann hovudprisen på Human internasjonale filmfestival 2025 med følgjande grunngjeving frå juryen: «En sterk film om å holde ut og finne nye muligheter sammen når man er i en presset situasjon. Med sin ærlighet og vilje til å slippe oss inn i en verden av både fortvilelse og menneskelig varme, rørte filmen oss dypt. Musikken blir limet og katalysatoren som driver de vi møter og filmen fremover. Med et slående foto gir filmen et oppslukende bilde av krigens menneskelige kostnad.» Filmen hadde verdspremiere i hovudkonkurransen for dokumentar på filmfestivalen i Göteborg. "En sår, men varm film... Et hjerteskjærende innblikk i livet til menneskene i et orkester som går i oppløsning" - terningkast 5 frå Stavanger Aftenblad