Sommarfest Ål kulturskule

Om arrangementet

Sommarfest med kulturmagi

Velkomen til sommarfest på Ål kulturhus!

Ål kulturskule gjentek suksessen frå dei siste åra og samlar små og store, elevar og publikum, til ein allsidig sommarfest på Ål kulturhus. Me har stor glede av song og musikk, dans og teater, kunst, yoga og komponering her i Ål, og mange talent fi nn utgangspunktet sitt i kulturskulen. Me vil gjerne vise fram heile breidda i kulturskulen og ynskjer deg hjarteleg velkomen til å dele ettermiddagen med oss.

Det blir matservering frå kl. 15.00, så middagen kan me dele på langbord i finveret. Kafé TID og innvandrartenesta står for matservering denne dagen. Ved inngangen kan du kjøpe matbongar, og der byter du også kjøpte billettar til festivalband, som gjev tilgang til alle arrangement heile kvelden.

MERK: ELEVAR VED ÅL KULTURSKULE KAN HENTE UT GRATISBILLETT I SKRANKA PÅ ÅL KULTURHUS.