SYNG! Ei forestilling med songarar og dansarar frå Ål kulturskule

Om arrangementet

14 songarar og 160 dansarar ved Ål kulturskule inviterar til ei framsyning inspirert av animasjonsfilmen “Syng”. Filmen handlar om eit fint, gamalt teater som er truga av konkurs, og teaterdirektøren arrangerar ein audition for å finne talent som kan setje teateret på kartet. Me har konvertert historia om til eit lokalt (skrekk)scenario – tenk om låge straumprisar gjer kommuneøkonomien så dårleg at Ål kulturhus må stengjast! Kva skal til for å redde kulturhuset? Elevar ved kulturskulen tek saka i eigne hender. 

 

Dei dyktige elevane våre får boltre seg på scena med den flotte musikken frå Syng. Framsyninga er ein del av kulturskulens sommarfest.

 

Velkomen til sommarfest!  

Kl. 13.30: KLANG! Akustisk konsert i Sprang
Kl. 15.00: SYNG! Ei framsyning med songarar og dansarar på Storescena
Kl. 16.30: PLAY! Plugga konsert i Sprang med tema er musikk frå dataspel. 


Billett kr. 100,-/60,- pr. forestilling/konsert.
Barn = under 18 år.