Sommarfuglar

Om arrangementet

"Sommarfuglar" er ei forteljing om dei historiske personane Liv Engebrektsdotter og Eivind Gudbrandsgard, kalla Fange-Liv og Eivind Fredlaus. Dei levde i Hallingdal for 300 år sidan, men vart båe dømde til døden for drap. Ho for å ha teke livet av sitt nyfødde barn, han for å ha knivstukke ein sambygding etter ein diskusjon om tømmer.
Korleis såg samtida på ugjerning og straff? Fekk dei mistenkte ei rettvis handsaming av saka? I forteljinga møter me Sorenskriverfrua i tida under rettssakene. Ho les i rettsbøkene og fylgjer sakene om desse to forbrytarane frå Ål, og i fantasien hennar trer dei levande fram og tek til motmæle. 

Forestillinga er eit scenisk drama med song, spel og dans.

Sorenskriverfrua: Marit Sehl
Liv: Ingunn Stræte
Eivind: Vetle Springgard

Tekst: Eldgrim Springgard
Musikk: Jo Asgeir Lie
Regi: Vetle Springgard

Forestillinga varer ca 1 time.
I Hol, Hemsedal og Nesbyen er framsyninga utandørs og publikum må kle seg godt.

Produksjonen er støtta av Norsk kulturråd, Viken fylkeskommune og Ål musikkråd.