Sommaropera
Om arrangementet
Opera midt i naturen!
For 7. år på rad ynskjer me velkomen til utandørs Sommaropera på Sehl.
Publikum sit i tunet, og får servert musikalske høgdepunkt frå opera og operette pakka inn i ei lokal historie.
Songarane Susanne Hvinden Hals, Nils Georg H. Nilsen, Jesper Mikkelsen og Marit Sehl, pianist Monica Tomescu-Rohde og eit stort operakor let seg ikkje stoppe av vêr eller vind!
Vaksne kr. 390,-
Gratis for barn og ungdom under 18 år, men for å sikre plass må du "kjøpe" ein gratisbillett.
Ta Operabussen opp bakkane, så kan bilen stå!
Bussen køyrer shuttle frå Sundrehall i Ål sentrum frå 2 timar før kvar forestilling. Tur/retur kr 100,-. For plassreservasjon og info om betaling, send sms med namn til tlf 46682282.