Sommaropera på Sehl

Om arrangementet

Velkomen til ei annleis musikkoppleving

Velkomen til ei annleis musikkoppleving!

Klassisk sang i eit stemningsfullt gardsrom, der profesjonelle utøvarar serverer eit variert program av operaperler i ei ny samansetjing. 
Området opnar to timar før forestilling. I dei særprega bygningane på garden kan du m.a. sjå det rosemåla taket frå 1780 og utstilling av gamle gardreiskapar.

Medverkande:
Nina Gravrok, sopran
Marit Sehl, mezzosopran
Mads Wighus, tenor
Ole Jørgen Kristiansen, baryton
Monica Tomescu-Rohde, piano
Hilde Chapman, fiolin

Sal av mat og drikke. Publikum sit under open himmel, hugs klede etter vêr!
Arrangementet vil følgje gjeldande anbefalingar for smittevern.

P-plass blir tilvist ved ankomst. Ring 46682282 for å reservere plass med kort gangavstand. Området er terskelfritt med HCWC.

Adresse: Sehlsvegen 180, Votndalen, Ål.