Sommaropera

Om arrangementet

Opera midt i naturen!

For 8. år på rad ynskjer me velkomen til utandørs Sommaropera på Sehl.
Publikum sit i tunet, og får servert musikalske høgdepunkt frå opera og operette brodert inn i ei lokal historie der humor og høge tonar går hand i hand. Framsyninga høver for heile familien, og er i år særskilt høveleg for born!

Det er 2 framsyningar: kl 13.00 og kl 18.00.
Området opnar 2 timer før. Sal av mat og drikke. Publikum sit under open himmel og må kle seg etter vêret.

Området har noko begrensa parkering, samkøyring er tilrådd. Publikum kan ha med eigne stolar eller teppe til å sitja på i grasbakken. Eit felt med stolar nær scena er tilgjengeleg for dei som vil sitja på flatmark.

Solistane er bland dei beste operasongarane i landet.
Manus og regi ved Marit Sehl.

Foto: Vegard Breie