Song Circus: Vardøger

Om arrangementet

I gamle dagar brukte dei magiske ritual og songar for å vekke åkeren om våren. Kvar vender me oss i dag når polane smeltar og gradane stig? Vardøger er ei kjærleiksfyld forsvarstale for vernet av naturen vår, komponert av felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg. Gamle bøner, rim og regler om godt vêr og grøderikdom er blanda med fagtekstar, og det frodige og vakre lydlandskapet har ein fot i tradisjonsmusikken og ein i samtida. Musikken spring ut av felespelet til Jorunn Marie, men òg av song og vokal lydleik. Den har òg avtrykk av lyd frå far-Kvernbergs seljefløyte-makeri.

Når fiskane flotnar og røtene rotnar
og ingenting botnar i graver me grev utan vit.
Kor skal songane sveva og 
draumane leva
og menneska streva i 
luft utan von?

Kammerensemblet Song Circus (etablert i 2009) er eit leiande vokalensemble innan samtidsmusikk. Kunstnerisk leiar er Liv Runesdatter. Song Circus arbeider med eksperimentell musikk, lydkunst og audiovisuelle produksjonar. Det er eit utradisjonelt og improviserande vokalensemble, bygd som eit instrument, med ulike kvalitetar og musikalske tilnærmingar. Song Circus har opptredd på festivalar og konsertscener over heile Europa, og har vorte spelt på radio og TV i Tyskland, Skottland, Belgia, Nederland og Norge. Surround-albumet Anatomy of Sound var nominert til Spelemannpris, og den nyaste filmproduksjonen deira, Fugler, har vorte vist på 27 internasjonale filmfestivalar i 16 ulike land og har vunne 9 internasjonale filmprisar.

Song Circus:
Liv Runesdatter
Ingeborg Dalheim
Anna Russnes
Signe Irene Time

Tuva Færden, fele

Konserten blir arrangert i samarbeid med Folkemusikkveka.