Søstre elsker evig

Om filmen

Originaltittel: Søstre elsker evig

Premiere: 2024-04-12

Varighet: 1t 5min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Norsk

Regissør: Sigve Endresen

Wilde (31) og Marin (28) er systre og bestevener. Marin har vore alvorleg psykisk sjuk lenge og har prøvd å ta sitt eige liv fleire gonger. Wilde har prøvd å redde og hjelpe henne til å leve i fleire år. Etter mange månader med tvangsinnlegging forstår Wilde at Marin har bestemt seg for å avslutte livet på bursdagen sin. Då kjem Wilde i eit stort dilemma. Greier ho å akseptere avgjersla til systera, eller er det noko meir ho kan gjere for å få Marin til å ville leve? Søstre elsker evig følgjer Wilde sin prosess i tida etter systera sin død, korleis ho omarbeider sorga og tek livet attende.

Me har ikkje sett nokon liknande film, korkje i Noreg eller internasjonalt. Det er ein film om to systre som levde liva sine for kvarandre fram til at Wilde får vite at Marin planlegg å ta sitt eige liv. Dette er ein kinodokumentar om å kome seg ut av sorg og depresjon. Det er eit tungt tema, men det er også ein varm film med mykje humor.