Souleymane's Story
Om filmen
Originaltittel: L'histoire de Souleymane
Premiere: 2025-05-09
Varighet: 1t 35min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Fulfulde, Fransk
Regissør: Boris Lojkine
"Et gnistrande, nervepirrende drama" - Le Monde
Om to dagar skal Souleymane gjennom eit avgjerande asylsøkjarintervju, men han er ikkje klar. Souleymane har emigrert frå Guinea til Paris, der han jobbar ulovleg som sykkelbod. Han har to dagar på å førebu seg til eit intervju som kan sikre han asyl og opphaldsløyve i Frankrike. Regissør Boris Lojkine og hovudrolleinnehavar Abou Sangare har laga eit drivande spennande og humanistisk drama som kastar publikum inn i den hektiske kvardagen til papirlause Souleymane. Me er tett på gjennom dei 48 avgjerande timane der marginane er små og kvar minste hending kan få heile det skjøre tilværet hans til å kollapse. SOULEYMANE’S STORY har vorte ein enorm kinosuksess i Frankrike, og på filmfestivalen i Cannes mottok filmen både juryens pris og pris for beste skodespelar. Hovudrolleinnehavar Abou Sangare er 23 år og kom sjølv frå Guinea til Frankrike som 16-åring. Han har livnært seg som mekanikar, men har framleis ikkje fått opphaldsløyve. «Eit av måla til filmen er å stille spørsmålet: Kva gjer me med menneska som har jobba og bidratt i åresvis i eit land, men likevel ikkje fått lovleg opphald? Når du lever utan papir er du alltid redd og alltid stressa» seier Sangare. Regissør Boris Lojkine om filmen: «Eg ønska å lage ein film om buda som syklar på kryss og tvers i byen med turkise eller knallgule baggar, brennmerka med appen dei brukar til arbeidet. Så lett synlege og likevel fullstendig i det skjulte – dei fleste papirlause». PRESSA OM FILMEN: «Abou Sangare er fengslende» - Screen Daily «Rå og sårbar» - The Hollywood Reporter «En nervepirrende, humanistisk film» - Cineuropa «Rørende» - Telerama «Smart og empatisk» - Variety «Et gnistrende, nervepirrende drama» - Le Monde